søndag 26. desember 2010

May the Force be with you


Ikkje heilt uventa - lilla lyssverd vart årets julegåve.

Takkar så mykje for andre gåver til min vesle jedi/storm trooper/Darth (det vekslar) - med tid og stunder tek han seg nok tid til å sjå litt på dei òg!

fredag 24. desember 2010

Jul i nr. 4



(Tips: Klikk på bileta for å sjå dei større, og bruk tilbake-knappen for å kome attende til innlegget)

Sånn såg det ut utanfor Steffens vei 4 tidlegare i dag. Vakrare julevêr kan ein ikkje drøyme om! Eg bur i eit hus som er vakkert og koseleg uansett årstid, men kanskje ekstra stemningsfullt med snø omkring. Eg vert glad inni meg kvar gong eg går inn i gården. "Her bur eg" tenkjer eg og kan nesten ikkje tru det - framleis slår det meg stadig vekk kor utruleg heldig eg er som fekk dette i eige etter meir enn eit år på leiting. Det var definitivt verdt å vente på, og årets høgdepunkt - utan sidestykke - var å verte huseigar.

Julesteminga lot vente lenge på seg i år. Eg vart fysisk uvel av å høyre "god jul" på tv-reklamen i byrjinga av desember. Men gradvis kom lysta til å gjere "julete" ting, og det starta med pepperkakehus. Eit prosjekt som alltid vert litt meir plundrete enn tenkt, og utgangspunktet i år var dårlegare enn nokon gong, med fleire av delane knekt i pakka (for NEI, eg bakar ikkje delane sjølv. Det får då vere måte på.). Men eg fekk då limt det saman på eit vis, og Mats deltok ivrig i pyntinga - han såg sjølvsagt sitt snitt til å smake litt på pynten undervegs, det høyrer jo med. Han fann ut at han skulle smake litt morgonen etter òg, men då sat jo pynten litt betre fast, og den eine kortveggen måtte gje etter for ivrige barnefingre som "skulle bare"...



Etter kvart som desemberdagane taldest ned mot nummer 24 måtte eg ta stilling til det store "juletre eller ikkje?"-spørsmålet. Eg hadde endeleg bestemt meg for å gå for plasttre, etter mykje fundering, og nevnte dette for sjefen den dagen eg skulle rett på Plantasjen frå jobb og gjere innkjøpet. Korpå han utbraut:
"Plasttre?!? Du som bur i eit hundre år gammalt hus kan då ikkje ha FAKE tre!!!"

Eg drog innom Plantasjen som planlagt men innsåg at han kanskje hadde litt rett. Plasttre er IKKJE det same som ekte. Sikkert veldig praktisk og kjekt, og truleg noko eg vurderer igjen neste år, men første jul i hundre år gammalt hus og aller første jul utan tur heim til Førde - det fortener faktisk ei god gammaldags gran. Så sånn vart det - og eg angrar ikkje på det!



Og skulle vi først kjøpe ekte juletre, så kunne vi like godt gjere det skikkeleg. Mats og eg tok turen til ein juletregård og fekk nokre fine opplevingar - for ikkje å snakke om julestemning - på kjøpet.



Med julestemninga kom litt sjeldan kreativ tiltakslyst:



Den kreative tiltakslysta melde seg imidlertid alt for seint til at ein årelang tradisjon med heimelaga julekort kunne reddast frå å verte broten... Ikkje eit einaste sjølvlaga kort er i omløp denne jula. Men så er det i det store og heile ei "unntaksvis" jul...

Mange tenkjer at det å sitje åleine på julekvelden er sjølve definisjonen på sørgeleg. Eg har nok tenkt det same sjølv. Men basert på rykande fersk erfaring vil eg hevde (sjølv om kvelden ikkje er omme) at jammen kjem det an på kva ein gjer det til! Iført julekjolen, med full pinnekjøtmiddag og tilhøyrande Førde-pølser og god drikke, har eg kosa meg frå ende til anna i kveld. Og enno har eg til gode å ete karamellpudding og opne julegåver!

Det er berre for meg å nyte stilla og freden i kveld, for i morgon formiddag kjem ein ung kar som skal sjekke ut kva som ligg under treet her i nummer 4. Han har forventning om å finne mellom anna eit lilla Star Wars lyssverd frå nissen, og det finn han nok - som i praksis betyr at eg får "arve" hans gamle raude lyssverd utan lys og må møte han i fektekamp (som han sjølvsagt vinn!)...☺

Men - dette som først var tenkt å vere ei lita oppsummering av diverse frå året (som substitutt for julebrev/julekort), er framleis berre ei oppsummering av jula så langt i nummer 4, og eg innser at årskavalkaden må kome ein annan kveld...

... for eg har ein alt anna enn trist julekveld og meir på programmet som eg skal rekke!!!

GOD JUL (for det er det nemleg!) ♥♥♥

"Julebrevet" er litt forsinka...

... men dukkar nok opp i løpet av dagen...☺

søndag 14. november 2010

Uuups...


Tannfelling i rekordfart - andre tanna på under ei veke!

mandag 8. november 2010

Inn for landing

Det kjennest som eg har flydd høgt dei siste månadene. I nummer 4 har eg fått min landingsplass. Bursdag kan vere det same, det er DETTE som er verdt å feire:



tirsdag 31. august 2010

Frå djupe dalar til høge toppar

Mykje frå (...) til (...) med meg no.

Det slo meg nett med full kraft at eg er over kneika. Motbakken eg har gått, klatra og kravla er bak meg. Unnabakken ligg foran meg, og eg har allereie sete utfor. Eg burde vere ekstatisk!

I april hadde eg mine blogg-tankar om astrologi og universets lover (http://berremegirene.blogspot.com/2010/04/nok-tru-pa-om-ein-vil.html). Eg tykte dei spela meg mange ironiske puss. Og sjølv om eg påstår at eg ikkje eigentleg trur på det, så er det jammen grunn til å lure iblant. Kor sterk er astrologiens påverknad i ting som skjer? Kor sterk er tankens kraft? Kva er tilfeldig, og kva er på ein eller anna måte forutbestemt?

Eg kan vise til fleire eksempel på at både horoskop og den universelle lova om tiltrekning har slått til med forbausande presisjon for min del. Det altså vere seg - dersom ein vel å tru på sånt då.

Kanskje hadde det vore lettare å tru på det, fordi å tru gjer det enklare å akseptere. Men eg er skeptisk, og derfor tør eg heller ikkje heilt å tru at det som skjer no er berre bra.

Den rasjonelle tilnærminga er sjølvsagt at det berre er heilt naturleg å være litt forsiktig i unnabakken etter ein strabasiøs klatretur. Det er heilt logisk at ein forventar at turen ned skal by på nokre smellar, og det er ein instinktiv reaksjon å ville sette på bremsene for å unngå å kjenne smerte når det skjer… Og tilfeldigheter er vel det som styrer mest for oss alle?

Ikkje veit eg. Ikkje forstår eg. Ikkje trur eg.

Men eg skal prøve å la skje det som skjer.

søndag 29. august 2010

Frå 100 til 0 på 60 min


Toy Story 3 på kino - ja, jippi, juhuuu!!!!

Etter 60 minutt og 230 kroner i billettar, smågodt og popcorn:

- Mamma, jeg vil hjeeeem... Jeg ORKER ikke se mer!!!

Det vart cirka halve Toy Story 3. - Akkurat som det vart cirka halve Knerten...

Det er nok ein grunn til at dei set 7 års grense på filmar som varer i nesten 2 timar. Han her er i alle fall ikkje heilt klar:

lørdag 28. august 2010

Stemning frå 0 til 100 på eit blunk

.
Laurdagskveld med lyn og torden og TV-kontakta er ute.

Følgande oppskrift har teke laurdagskvelden min til nye høgder:

Cocktailglas (eit av åtte frå salg på Åhlens - 20 kroner stykket, eit kupp!)
Cosmo i cocktailglaset (ferdigblanda frå kartong, ei hyggeleg påminning om jentebesøk forrige helg)
Dutty love på Spotify (er det mogeleg å ikkje verte glad av denne?!?)



Og navlestrengen er open til og frå omverda i form av PC og mobil.

Berre meg Irene, men ikkje åleine:)

torsdag 19. august 2010

På skakke



Eit ikkje heilt vellukka origamihus. Men eg veit at om eg prøver på nytt, med riktig type papir, så kan resultatet verte atskillig betre.

Det er vanskelegare med ekte hus. Hus som ein har kjøpt og som ved nærare augesyn treng litt fiksing både her og der, og kanskje noko hastar litt meir enn ein hadde trudd?

Kontrakta vart omsider signert i går, og den 22. oktober får eg nøklane til nummer 4. I dag fekk eg grundig omvisning av selgar, og det var nok litt meir å merke seg enn det eg rakk å oppfatte på visning. Litt av magien ved min "Carl Larsson-heim" bleikna i kvardagsrot, i prat om fukt i kjellar, skeive golv og veggar, sprukne vindauge og gjenståande utvendig maling - for ikkje å snakke om ved innsyn i den dampande kompostbingen (som eg takka nei til å overta).

Eg måtte faktisk kjenne etter då eg køyrde derifrå i regnveret: Hadde mi begeistringa bleikna litt òg? Kunne eg framleis kjenne meg varm til langt inn i sjela ved tanken på å ta over?

Den store skjelven kom heldigvis ikkje.

Huset er litt på skakke, men det er eg òg for tida - vi passar saman, nummer fire og meg. Vi skal nok få det fint. Og eg gler meg fortsatt! Dog på ein enno litt meir realistisk måte kanskje...

lørdag 14. august 2010

Dame i særklasse: Dawn Porter



Dei siste to torsdagskveldane har eg heilt tilfeldig fått med meg Dawn Porter på NRK. Ho gjennomfører ei oppdagingsferd i alternative måtar å finne kjærleiken, og sjølv om tema for så vidt er interessant nok, så er det faktisk sjølve personen Dawn Porter som begeistrar meg mest. Ho har bøtter av karisma, eit ansikt til å bli glad av, og har ein audmjuk og sjarmarande måte å tilnærme seg situasjonar og menneske, med nysgjerrighet og nesten utan fordomar. Ho hevdar at ho i utgangspunktet er open for å tenkje annleis enn ho alltid har gjort, og eg trur ho gjennom nokre av dei pinlege dei situasjonane ho set seg sjølv i.

Det er for lengst slutt på tida då eg digga artistar og skodespelarar og skulle ønskje at eg var dei (som får meg til å minnest at eg for sånn cirka 25 år sida fekk Ivar til å ta bilete av meg til ein Madonna look-alike-konkurranse i Topp, eg trudde seriøst at eg likna - det var den gongen eg framleis hadde glippe mellom framtenna). Eg antar at mi begeistring for miss Porter er noko av det det næraste eg kan kome idolisering i vaksen alder og i moderne tid. Skulle gjerne vore litt som ho, jobba med undersøkande journalistikk, hatt tilsvarande mot og opent sinn (intelligent hemningsløyse) fått folk til å smile slik ho får meg til å smile, og her i desse to "Ultimate man test"-videoane - le høgt og lenge (NB! Må ha lyd):

http://www.youtube.com/watch?v=zVQF6_kGmpY&feature=fvsr

http://www.youtube.com/watch?v=McI39EsiMZY&feature=related